Til hovedinnhold

Dyresjukdommar – kven har ansvar for kva?

Ansvaret for dyresjukdommar er fordelt mellom ei rekke instansar. 

Fagleg oppdatert

Alle har ansvar for å melde frå

Alle har ansvar for å unngå å spreie smitte av dyresjukdommar, og å melde frå til Mattilsynet ved mistanke om smittsam dyresjukdom som kan gi vesentlege samfunnsmessige konsekvensar: Melde om smittsam dyresjukdom

Næringsretta dyrehald skal ha oppdatert kompetanse

Det er krav om at dyrehaldarar i næringsretta dyrehald skal ha gjennomført eit kurs i dyrehelse: Du må ha kompetanse om sjukdom og smittevern

Mattilsynet har ansvar for beredskap og tiltak ved sjukdomsutbrot hos ville og tamme dyr

Mattilsynet har, saman med andre relevante aktørar, ansvar for beredskap, risikohandtering og tiltak mot dyresjukdommar. Mattilsynet set mellom anna i verk overvaking, kartlegging, tiltak (mellom anna fastsetjing av soner, avliving og ferdselsforbod), importforbod og deltek i internasjonale forum.

Veterinærinstituttet har ansvar for risikovurderingar

Veterinærinstituttet har ansvar for risikovurdering knytt til dyresjukdom, dei analyserer prøver tatt i Noreg og har ansvar for ulike overvakingsprogram, sjå www.vetinst.no

Helsedirektoratet skal førebyggje smitte til menneske

Helsedirektoratet har ansvar for beredskap og handtering dersom dyresjukdommar blir spreidde til menneske. Direktoratet har styresmakt på sosial- og helselovgivingsområdet og kan setje i verk førebyggjande tiltak i samfunnet, sjå www.helsedirektoratet.no

Folkehelseinstituttet har ansvar for overvaking av sjukdom hos menneske

Folkehelseinstituttet har ansvar for overvaking av sjukdom hos menneske, rådgiving om smittevern for menneske og vaksineberedskap. Instituttet deltek i internasjonale overvakingsnettverk innan smittevern og gir råd og informasjon til helsestyresmaktene, helsetenesta og publikum om sjukdom, smitte, smittevern og vaksinasjon, sjå www.fhi.no

Miljødirektoratet har ansvar for vern av ville dyr og fuglar

Ved sjukdom på ville dyr og fuglar, vil Miljødirektoratet støtte Mattilsynet i sjukdomsforvaltninga, i form av kunnskapsstøtte og rådgjeving. 

Statsforvaltaren og kommunar si rolle ved sjukdom på ville dyr og fuglar

Ved sjukdomsutbrot på ville dyr og fuglar er det naudsynt å samarbeide på tvers av mange etatar. Statsforvaltar og kommunar der utbrotet er, må rekne med å bidra i handteringa. Alle kommunar må tenke gjennom korleis deira beredskap mot alvorlege dyresjukdommar i eigen kommune bør vere, for eksempel handtering av døde fuglar eller dyr og avhending av desse.