Til hovedinnhold

Hårfarge

Dei fleste hårfargar inneheld fargestoff som i sjeldne tilfelle kan gi alvorlege allergiske reaksjonar.

Publisert

Vanleg brukte hårfargestoff er parafenylendiamin (PPD) og resorcinol, som er kategorisert som henholdshvis ekstremt og svært sensibiliserande (SCCS). Resorcinol er en mye brukt komponent i permanent hårfarge.

Stoff som kan gi allergi, skal merkast med åtvaringstrekant og åtvaringstekst om at dei kan forårsake allergi. 

Pakningmerking

Pakningmerkinga skal innehalde følgjande bruksvilkår/åtvaringar:

  • Blandingsforholdet
  • Hårfargestoff kan framkalle alvorlege allergiske reaksjonar.
  • Les og følg bruksrettleiinga.
  • Dette produktet er ikkje berekna på personar under 16 år.
  • Mellombelse tatoveringar med svart henna kan auke risikoen for allergi.
  • Farg ikkje håret dersom:
    - du har utslett i ansiktet eller kjenslevar, irritert eller skadd hovudbotn,
    - du tidlegare har hatt ein reaksjon etter å ha farga håret,
    - du tidlegare har hatt ein reaksjon på ei mellombels tatovering med svart henna.
  • Inneheld fenylendiaminer.
  • Må ikkje brukast til farging av augevipper eller augebryn.»

Viss hårfargen berre er berekna på profesjonell bruk, skal pakningmerkinga òg innehalde ei åtvaring om at produktet berre er berekna på profesjonell bruk.

Stoff som er tillate med visse avgrensingar

Alle kosmetiske produkt skal vere helsemessige trygge når dei blir brukte slik som tiltenkt. Ingrediensar som kan utgjere risiko viss dei blir brukte feil, kan tillatast i kosmetikk med visse avgrensingar, etter at bruken er undersøkte og vurderte som trygg av EUs vitskapskomité for forbrukartryggleik (SCCS). Avgrensingane kan omfatte ei konsentrasjonsgrense, at stoffet berre er tillatne i visse produkttypar, eller at det blir kravd åtvaringsetikettar på produktet. Dette gjeld til dømes hårfarge og visse parfymar.

Fargestoff som er vurdert av SCCS på oppdrag frå EU kommisjonen finnes på Europakommisjonens nettsider, og i lista under "Regelverk", med reglane for bruk og krava til merking.

I tillegg inngår tilsyn med hårfargeprodukt som ein viktig del av Mattilsynets ordinære tilsyn.

Meld fra om biverknader av kosmetiske produkt

Ved mistanke om biverknader forårsaka av bruk av kosmetikk (høvesvis hårfarge) kan forbrukar anten sjølv melde frå direkte via Altinn til Mattilsynet, eller dei kan oppsøkje helsepersonell (apotekfarmasøyt, lækje, sjukepleiar m. fl.) som melder vidare til oss via melde.no. Vurdering av slike varsel kan føre til at det blir sett i verk tiltak for å verne forbrukarane.

Bivirkninger av kosmetikk.

Hårfarge - analyse og merkevurdering (OK-rapport, 2017)

Regelverk

Forordning (EF) nr. 1223/2009, vedlegg III