Til hovedinnhold

Reinsefisk skal sorterast ut før lakselusbehandling

Rensefisk skal ikkje behandlast for noko han ikkje har, som til dømes lakselus. Derfor må han sorterast ut på ein dokumentert skånsam og forsvarleg måte før lakselusbehandlingar med og utan legemiddel.

Publisert

"Reinsefisk" er rognkjeks og ulike leppefiskartar som oppdrettarar bruker for å redusere talet på lakselus på laksen i merdane. Dyrevelferdslova gjeld like mykje for reinsefisk som for andre dyr.

Generelt skal dyr eller dyregrupper berre blir behandla når det/dei er undersøkte og konklusjonen er behov for behandling. Reinsefisken er ikkje ein mottakeleg art for lakselus, og vil derfor ikkje ha diagnosen lakselus.

Lakselusbehandling er dessutan belastande for reinsefisken, og denne belastinga har reinsefisken heller ikkje noko nytte av. Særleg medikamentfri avlusing er i dag rekna som ein av dei største velferdstruslane for reinsefisk.

Det er dermed i strid med krava i dyrevelferdslova (§§ 9 og 30) å la reinsefisk blir ståande i produksjonseininga ved behandling av laks mot lakselus i den same eininga.

Reinsefisk skal derfor sorterast ut på ein dokumentert skånsam og forsvarleg måte før lakselusbehandlingar med og utan legemiddel.

Unntaket frå kravet om utsortering er viss det blir nytta metodar som ikkje påverkar reinsefisken, som t.d. luselaser.

Akvakulturdriftsforskrifta er underordna dyrevelferdslova

Akvakulturdriftsforskriftens § 28 slår fast kravet om å sortere ut reinsefisk før m.a. behandling mot lakselus:

"Før det blir utført operasjonar på anlegget som kan føre til belasting på reinsefisken, skal reinsefisk sorterast ut og blir verna mot skade og unødvendig påkjenning.

Etter samråd med veterinær/fiskehelsepersonell, kan reinsefisk bli ståande i produksjonseininga dersom dette tek betre omsyn til fiskevelferda."

Akvakulturdriftsforskrifta er underordna dyrevelferdslova. Forskrifta kan derfor ikkje forståast på ein måte som strir mot lova. Det betyr at verken oppdrettar eller dyrehelsepersonell lovleg kan vedta å la reinsefisk bli behandla mot lakselus.

Andre ledda til paragrafen om at reinsefisk «kan bli ståande i produksjonseininga etter samråd med veterinær/fiskehelsebiolog» omfattar derfor ikkje operasjonar som inneber behandling mot lakselus.

Klagesakavgjerd slår fast kravet om utsortering

Klargjeringa om utsortering av reinsefisk før lakselusbehandling følgjer av ei klagesakavgjerd teke av Mattilsynets klagesakeining.

I saka heldt klagesakeininga oppe eit vedtak om at oppdrettar måtte sortere ut rognkjeks før lakselusbehandling. Klagesakavgjerda er gjort med heimlar i dyrevelferdslova, akvakulturdriftsforskrifta og forskrift om IK-akvakultur. 

Klagevedtaket frå Mattilsynets klagesakeining er endeleg, og det er ikkje klagerett på det.

Klagesakseininga held oppe regionens vedtak om at rognkjeks må sorterast ut før avlusing.

Regelverk

Dyrevelferdsloven

Akvakulturdriftsforskriften