Til hovedinnhold

Smittevernplan for alle næringsretta dyrehald

Driftsansvarlege i anlegg med næringsretta dyrehald skal ha rutinar som sikrar godt smittevern.

Fagleg oppdatert

Kven må ha ein skriftleg smittevernplan?

Dersom du driv med storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort, pelsdyr og fjørfe i eit anlegg som får produksjonstilskot og/eller har ei omsetning som overstig grensa for å vere meirverdiavgiftspliktig, må du ha ein smittevernplan. Alle anlegg der det blir halde kameldyr blir rekna som næringsretta, og må ha ein smittevernplan.

Kravet om smittevernplan gjeld ikkje for dyresamlingar, dyreparkar, sirkus og besøksgardar. Vi tilrår likevel at du som driv med slike aktivitetar lagar ein skriftleg smittevernplan.

Kven gjeld smittevernplanen for?

Smittevernplanen gjeld for alle som arbeider på anlegget. Det er ansvaret til den driftsansvarlege å sikre at alle som arbeider på anlegget kjenner og følgjer smittevernplanen.

Smittevernplanen skal oppdaterast årleg, og visast til Mattilsynet dersom vi ber om det ute på tilsyn.

Kva må ein smittevernplan innehalde?

Ein smittevernplan skal beskrive kva rutinar du har for å sikre godt smittevern i anlegget ditt. Den skal med andre ord beskrive kva du gjer for å førebyggje smitte inn og ut av anlegget.

Det er viktig at smittevernplanen er tilpassa det enkelte dyrehaldet. Smittevernplanen skal gjelde for alle delar av drifta som gjeld dyr. 

Smittevernplanen skal vere skriftleg og må minst innehalde følgjande punkt:

  • Ei planteikning som viser kor dyr og personar bevegar seg inn og ut av dyrehaldet.
  • Planen skal mellom anna beskrive korleis:
    • Dyr blir teke inn og ut av dyrehaldet, inkludert til og frå beite
    • God dyrehelse blir sikra ved kjøp av livdyr, inkludert moglegheiter for å stalle opp dyr separat
    • Mjølk og egg blir levert
    • Mogleg smitte frå eigen og innleigd arbeidskraft blir hindra
    • Persontrafikken inn og ut av anlegget går føre seg. Det må vere særlege krav til veterinærar og andre som er tilknytt eller i mogleg kontakt med andre anlegg
    • Kadaver, gjødsel og avfall blir handtert og blir henta
    • Fôrhygiene, vatningsanlegg, strø, reiskap og utstyr blir sikra
    • Desinfeksjonsmiddel er tilgjengeleg
    • Risikoen for å spreie smitte ved krysstrafikk mellom dyr, menneske og køyretøy i nærleiken av tilhalds rom for dyr kan reduserast.

Kvifor må du ha ein smittevernplan?

Smittevernplanen skal hjelpe deg til å førebyggje smitte til og frå dyra i anlegget ditt. Ein smittevernplan vil gjere deg som dyreeigar meir medvite på kva du kan gjere for å hindre slik smitte. Når du lagar smittevernplan, må du tenkje gjennom smitte farane knytt til eiga drift. Med utgangspunkt i dette må du lage rutinar for å hindre at smitte kjem inn i eller ut av anlegget ditt.

Det vil alltid lønne seg å førebyggje sjukdom framfor å behandle han. Viss vi førebyggjer smitte, får vi friskare dyr. Dette betyr vidare at vi får mindre antibiotikabruk og mindre smitte mellom dyr og menneske.

Regelverk

Dyrehelseforskriften § 32

Forskrift om dyrehelse (dyrehelseforskriften) (FOR-2022-04-06-631)
Se heile forskrifta

Kilde: Lovdata.no