Til hovedinnhold

Forbod mot piggtrådgjerde

Det er forbode å sette opp nye piggtrådgjerde for å regulere ferdselen til dyr.

Publisert
  • Det er forbode å sette opp nye piggtrådgjerde for å regulere ferdselen til dyr. 
  • Ved vedlikehald av eldre gjerde skal det ikkje nyttast piggtråd. 
  • Eldre piggtrådgjerde som opplagt er farlege for dyr, skal fjernast.

Den ansvarlege for eit gjerde skal sørge for vedlikehald, sikring og ei eventuell fjerning av gjerdet. Den ansvarlege vil vanlegvis vere grunneigaren.

Sjå retningslina til Mattilsynet om tilsyn med piggtråd

Elektriske nettinggjerde

Elektriske nettinggjerde med tynne plast- eller glassfiberstolpar vert selt i rullar. Mattilsynet har sett fleire høve der særleg sauer og lam har sett seg fast i slik gjerde, ofte med fatalt utfall.

Ein del hytteeigarar nyttar slike gjerde for å halde sau borte frå terrassar og plen på eigedomen. Elektrisk nettinggjerde er meint å vere tilkopla straum. Utan straum er desse gjerda ei felle og fangar dyr på tilsvarande måte som fisk vert fanga av fiskegarn. Det er difor svært viktig at elektriske gjerde vert brukt med straum og under dagleg tilsyn. Det er ikkje forsvarleg å bruke slike gjerde utan straum. Til bruk kring hytter er dei difor i praksis ueigna.

Oppfølging frå Mattilsynet

Mattilsynet kan gi den ansvarlege for eit farleg gjerde pålegg om nødvendige tiltak. Dersom pålegg ikkje blir etterkome, kan Mattilsynet sjølv iverksette tiltak.

Regelverk

Dyrevelferdsloven

Anna lovverk