Til hovudinnhald

Hundeavl

Avl skal fremje eigenskapar som gir robuste dyr med god funksjon og helse.

Publisert

Hundar er gjennom fleire hundre år avla for ulike formål, og vi har i dag fleire hundre hunderasar. Både avl på anatomiske trekk som disponerer for liding, og avl på individ med genetisk stort slektskap, resulterer i lidingar for hundar. Til dømes kan hundar med kort, inntrykt snuteparti ha problem med å puste normalt. Hunder med utståande auge er utsett for augeproblem, mens hundar med tunge hengjeøre er utsette for øyrebetennelsar. Hos nokre rasar er det spesielt stor førekomst av arvelege sjukdommar.

Mange hundar lid i dag av konsekvensane av uansvarleg avl, fordi helsa og velferda til hunden ikkje har blitt vektlagd nok. Dette er eit stort dyrevelferdsproblem. Mattilsynet fører tilsyn og gjer nødvendige vedtak etter dyrevelferdslova, men vi har avgrensa høve til å påverke hundeavlen på denne måten. Både oppdrettarar og kvalpekjøparar må bidra til å snu den uheldige utviklinga.

Kva må du som oppdrettar gjere?

Du som oppdrettar har ansvar for å produsere sunne, friske og velfungerande hundar. 

Det skal ikkje drivast avl, heller ikkje ved å bruke genteknologiske metodar, som

  • endrar arveanlegg slik at dei påverkar dyrs fysiske eller mentale funksjonar negativt, eller som fører vidare slike arveanlegg
  • reduserer dyrs moglegheit til å utøve naturleg åtferd
  • vekkjar allmenne etiske reaksjonar

Som oppdrettar må du leggje opp avlsarbeidet slik at du reduserer sjansen for å føre vidare arveanlegg som påverkar kvalpane negativt. Dersom du er i tvil om hunden din bør brukast i avl, bør du få ei vurdering av veterinær.

Kva kan du som kvalpekjøparar gjere?

Tenk deg nøye om når du vel hunderase. Ikkje berre gå etter utsjånaden, men sett deg inn i kva behov hunderasen har.

Sjekk om rasen du vurderer er utsett for lidingar på grunn av korleis han ser ut, eller for bestemde arvelege sjukdommar, og vel ein oppdrettar som arbeider medvite for å unngå dette.

Ved å velje ein sunn hund støttar du ansvarleg avl og er med på å førebyggje helseproblem hos hundar. Du slepper også å oppleve at hunden din får redusert livskvalitet på grunn av arvelege lidingar.

Kva verkemiddel har Mattilsynet?

Mattilsynet har fleire verkemiddel dersom vi meiner dyrevelferdslova ikkje blir følgd. Vi vil som regel byrje med å gi rettleiing om regelverket. Dette er ofte tilstrekkeleg. Mattilsynet kan også gjere ulike vedtak. Viss vi er i tvil om ein hund får nødvendig helsehjelp, kan vi gjere vedtak om at dyreeigar skal ta med hunden til utgreiing, og eventuelt behandling, hos veterinær. Vi kan også forby å bruke hunden i avl.

Regelverk

Dyrevelferdsloven