Til hovedinnhold

Rekruttering og sjøoverleving hos anadrom laksefisk i Skjoma

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Formål: Forsøket har som mål å undersøke rekruttering og overleving hjå laks og sjøaure i Skjoma (også kalt Elvegårdselva, i Skjomdalen) i Narvik kommune, samt å undersøke faktorar som påverkar dette. Statkraft skal våren 2017 etablere PIT-antenne som dekker heile elvetverrsnittet like ovanfor elveutløpet (ref. Sjur Gammelsrud, Statkraft). Denne PIT-antenna vil registrere både utvandring og oppvandring av PIT-merka laks og sjøaure, og gje oss mogelegheit til å estimere overleving frå merketidspunkt til smoltutvandringstidspunkt, alder ved smoltutvandring, alder ved tilbakevandring, samt overleving frå utvandring til tilbakevandring (sjøoverleving).

Samfunnsmessig og vitskapeleg relevans: Skjoma ei elv med sterkt redusert vassføring som følgje av kraftutbygging på 1970-talet, og har dei siste 20 åra vor stengt for laksefiske og dei siste 4 år for sjøaurefiske, grunna svake bestandar. God utnytting av vasskraftressursar er av stor samfunnsbetydning. Samstundes er det ein stadig aukande erkjennelse av at vasskraftutbygging har sterk påverknad på økosystemfunksjonar, og i mange tilfelle har resultert i negative konsekvensar for fiskebestandane i det berørte vassdrag. Det er knytta stor rekreasjonsverdi til fiske etter laks og sjøaure, og til utleige og tenester knytta opp mot slike oppleveingar. Identifisering av faktorar som reduserer produksjonen av vill laksefisk i regulerte vassdrag, samt tiltak som kan bøte på dette men som likevel kan sikre god kraftproduksjon i vassdraget, er derfor av stor samfunnsmessig interesse. Det er også av stor vitskapleg interesse å få større kunnskap om sjøoverleving både hjå laks og sjøaure, og slike estimat frå Skjoma vil ha genereell verdi for kystforvaltinga.

Erstatning: Identifisering av årsklassestyrke og korrelasjonar mot fysiske og biologiske forhold krev undersøkingar av ungfisk i elva, og er ikkje søknadspliktig for FDU. Ved i tillegg å individmerke fisk med PIT-merker, oppnår vi mogelegheita til å kunne relatere individuell vekst og kondisjon til habitatbruk og overleving, som vi ikkje kunne fått med metodar som gir mindre velferdsmessige inngrep for forsøksdyr. Mange undersøkingar har vist at PIT-merking er ein svært god metodikk som i ingen eller svært liten grad påverkar fiskens åtferd, vekst og overleving (Ombredane mfl. 1998, Gries & Letcher 2002, Navarro mfl. 2006, Acolas mfl. 2007, Knaepkens mfl. 2007, Newby mfl. 2007). PIT-merking gir anledning til å registrere fisk i elva med stasjonære og mobile PIT-antenner, og krev ikkje fysisk gjenfangst for å registrere merka fisk. PIT-merker er ikkje avhengige av straum, og varar ut fiskens liv.

Reduksjon: Nøyaktig tal merka fisk lar seg ikkje bestemme på forhånd, fordi det vil vere avhengig av gjeldande tettleik i elva. Naturleg dødelegheit i elv og sjø fører til at det vil vere eit lite tal merka fisk som returnerer, og det er derfor viktig å merke mange hundre fisk årleg for å sikre registrering av tilbakevendring. Redusering til eit lægre tal vil derfor redusere mogelegheita for å kunne estimere sjøoverleving.

Raffinering: Merkemetoden representerer eit svært lite inngrep for fisken, med kort og liten belastning under anestesi.

Tal omsøkte forsøksdyr: Totalt 1400 laks (Salmo salar) og 800 aure (Salmo trutta) for 2016-2017 samla, halvparten årleg.