Til hovedinnhold

Smoltutvandring og livshistorie hos sjøaure og laks i eit kystnært vassdrag

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Med aukande grad av menneskeleg aktivitet i kyst og fjordområde, er det aukande krav til detaljert dokumentasjon av påverknadsfaktorar og bestandsstatus for sjøaure og laks. Figgjoelva på Jæren har utløp ved Selestranda, så sjøaure og laks vandrar direkte ut i havmiljøet utan å passera via fjordsystem. Vassdraget skal ha ein eigen sjøaurebestand men bestandsstatus er lite kjent. Vassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag med ein stor laksebestand. Føremålet er å undersøkja smoltutvandring, bestandsstatus og livshistorie hos sjøaure og laks som vandrar rett ut i havet, for å samanlikna profilen med bestandane i Etneelva som vandrar gjennom eit fjordsystem. Vi søkjer om å få registrera utvandringsforløpet for smolten, der vi måler, veg og merkjer med PIT merke (12 mm), og klipper fettfinnen for DNA typing av inntil 1000 sjøauresmolt, inntil 2500 laksesmolt pr år i 2019 og 2020. Ein ventar at forsøket vil ha kortvarig og svært små skadeverknadar på fisken.
Smolten blir fanga i smoltruse nær utløpet i havet, overført til kar med rennane vatn med knutelaus håv, vegd og lengdemålt før PIT merking og klipping av fettfinne. Deretter blir smolten plassert i recovery kar med friskt rennande vatn for observasjon nokre timar før tilbakeføring til elva.
I elva blir det planlagt PIT antenne og kamera for overvaking av oppvandrande sjøaure og laks. I samarbeid med fiskerettshavarane, vil vi gjennom det ordinære sportsfisket få god informasjon om biologiske data, skjellprøvar og gjenfangstar av PIT merke, lest med handscanner.