Til hovedinnhold

Barkekstrakt som middel mot koksidios hos lam

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Formålet med dette pilotforsøket er å gjere eit første studium for å undersøke om kondenserte taninnar frå bark frå sagbruksindustrien kan ha potensiale som middel mot koksidiar hos lam. Barkekstrakt som er testa in vitro og har vist effekt i laboratoriet, skal utprøvast på levande lam.
Forsøket skal gjennomførast ved at vi samanliknar to grupper lam der begge gruppene blir smitta med oocyster av Eimeria spp.(koksidiar), og den eine gruppa får tilført barkekstrakt kvar 5. dag i forsøksperioden på 6 veker, medan den andre gruppa ikkje får noko behandling. Gruppene skal samanliknast på tilvekst, kliniske symptom og ved uttak av faecesprøver for teljing av oocyster. Koksidiesmitte kan føre til skader i tarmen, dehydrering, anemi, nedsett allmentilstand og tilvekst. I særleg alvorlege og ubehandla tilfelle kan dei forårsake død. Koksidiar utviklar resistens mot kjemiske midlar, og det er viktig å undersøke om alternative behandlingsmåtar, t.d. ulike planteekstrakt kan ha effekt. det er vist at kondenserte tanninar frå ulike planter har effekt mot nematodar hos husdyr, og også i laboratorieforsøk effekt mot koksidiar. I eit anna pågåande forsøk er det vist at ekstrakt frå bark av gran og furu frå norsk sagbruksindustri har effekt mot desse parasittane i laboratorieforsøk. Bark er i dag eit avfallsprodukt, men viss det finst stoff som kan utviklast til medisinar, slik som parasittmiddel til husdyr, vil det vere ei av stor samfunnsmessig nytteverdi. Forsøket er eit pilotforsøk og er tenkt å gje grunnlag for å vurdere om det er behov for eit større forskings- eller innovasjonsforsøk, for å undersøke kva dosering eller utforming av middelet som gjev best effekt og om dette kan vere eit (bio)økonomisk alternativ til tradisjonelle parasittmiddel. Det må gjennomførast forsøk på levande dyr i tillegg til laboratorieforsøk for å sjå om stoffa har effekt. Det kan vere stor skilnad på effekt i tarmen og in vitro-forsøk. Vi har valt to greupper lam à 7 dyr av NKS rase. Lamma blir tekne frå under fødselen før dei kjem i kontakt med miljøet rundt, blir deretter vaska før dei blir sett i binge saman med andre lam i samme gruppe på Tingvoll gard. Alle lamma får råmjølk umiddelbart etter fødselen. Lamma blir smitta med koksidie oocyster når dei er ei veke gamle. Ei gruppe får tilført barkekstrakt kvar 5.dag etter at dei vart smitta. Det skal takast faecesprøver dag 0, 5, 10, 15, 30 og 45 av alle lamma, i tillegg til kliniske observasjonar minst to gonger dagleg og veging ved forsøksstart, dag 15 og ved forsøksslutt.
Lamma får tilsyn og oppfølging minst 4 gonger dagleg. Dersom det oppstår alvorleg sjukdom, vil det kontinuerleg bli vurdert behandling eller avliving. Etter at forsøksperioden for teljing av oocyster er avslutta, vil det bli vurdert om det er behov for behandling mot koksidiar før lamma blir sleppt på beite. Ved eventuell avliving og ved slakting vil det bli teke prøver frå tynntarmslimhinna av alle forsøksdyra, for undersøking av moglege patologiske forandringar pga koksidiane og eventuelle skilnader mellom behandla og ikkje behandla dyr.