Til hovedinnhold

Betydning av fleirgongsgytarar for laksebestanden i Lærdalselva, Sogn og Fjordane

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Vi ønsker å videreføre arbeidet med å fremskaffe data på vandringsadferd, vandringsfart og marinoverlevelse hos vinterstøing hos laks fra Lærdalselva, Sogn og fjordane. Tidligere års forsøk har vist svært variabelt utvandringstidspunkt og marin overlevelse mellom år.

Lærdalselva er kjend som den viktigste lakseelva i indre Sogn, og er verna som nasjonalt laksevassdrag med
tilhøyrande nasjonal laksefjord. Sportsfiske i elva har lange og sterke tradisjonar, og gjev stor lokal verdiskaping.
Ettersom elva no er behandla mot Gyrodactylus salaris, innlemma i friskmeldingsprogrammet og opna for fiske, rettar
lokal og nasjonal forvaltning seg inn mot å oppnå gytebestandsmålet for bestanden og sikre eit forsvarleg uttak i
sportsfisket. Tiltak er mellom anna å innføre begrensingar i antal fisk pr stongdøger, og aktivt gjenutsett av hofisk.

Eldre data frå Lærdalselva viser at ein svært høg andel (om lag 80%) av fisken overlever gyteperioden og overvintrar i elva fram til neste vår. Ein god del år vart fisk fanga inn og merkt på våren for å studere vandringsmønster i sjøen basert på gjenfangstar. Gjenfangstar i sjø viste stor vektauke (hovudsakleg gjenfanga etter 1 år i sjøen)(Rosseland 1965).I det vidare arbeidet som er omsøkt her, vil ein søke å auke talet på merka fisk for å kunne estimere graden av sjøoverlevnad og 2. gongs gyting hjå laks frå Lærdalselva, for deretter å kunne bereikne betydninga av denne livshistoriestrategien for gytebestanden. Me anser denne informasjonen som sers viktig i forvaltninga av ei nasjonalt
viktig lakseelv. Arbeidet som skisserast her vil og ha stor overføringsverdi til andre laksevassdrag.

Gjennom å studere adferd og overlevelse hjå vinterstøingar av laks ønskjer vi å talfeste betydninga av denne
livshistoriestrategien for gytebestandsstorleik og oppnåing av gytebestandsmål i Lærdalselva.
Delmål:
• Framskaffe data på vinteroverlevelse hos gytelaks i Lærdalselva etter mal frå undersøkingar på 60 og 70 talet og
derigjennom beskrive situasjonen i dag.
• Framskaffe data som kan nyttast til å beskrive dei ytre miljøfaktorane (daglengd, temperatur og vassføring) sin
innverknad på utvandringstidspunkt og overleving av laksestøingar.
• Framskaffe data frå Sognefjorden for å lage ein modell for utvandringsfart –og djup som kan nyttast i
risikovurderingar for lakseluspåslag ved å nytte Veterinærinstituttet sin publiserte modell for spredning frå akvakulturanlegg.
• Framskaffe data på sjøoverleving og tilbakevandringsadferd hjå fleirgongsgytande laks i Noreg sin største fjord og ei særs viktig lakseelv i Sognefjorden og produksjonsområde 4).

Prosjektet er ei vidareføring av arbeid beskrevet i FOTS ID 6330, for å oppnå en datafangst som gir beste kategori for kunnskapsgrunnlag for trafikklyssystemet for oppdrettsnæringa (5 år med data, Ihht ekspertgruppe nedsatt av Nærings- og fiskeridepartementet)