Til hovedinnhold

Storfugl - habitatbruk og overleving

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Mål: Forstå korleis skogbruket og predatorsamfunnet påverkar storfugl. Finna samanhengar mellom habitatbruk og reproduksjon, overleving og dødsårsaker hjå storfugl ved hjelp av GPS-teknologi.

Forventa skadeverknader på fuglane: Me kan ikkje utelukka at fuglar kan verta skadde under fangst, men vonar me vil unngå det. Me vil bruka metodar som prosjektdeltakarane kjenner, og me vil søkja hjelp ved ny metode. Me vil fanga fuglane i håv langs veg og i nett på leik. Dersom me får få røyer, vil me ogso fanga i nett når dei har kull. To av prosjektdeltakarane har tidlegare fanga og merka tiur og røy på leik samt røyer med kull. Me vil få hjelp til fangst langs veg av Eric Ringaby som har fanga storfugl frå bil i Sverige
https://www.svt.se/nyheter/lokalt/gavleborg/se-biljakten-pa-tjadrarna.

Me har tidlegare merkt storfugl med ryggsekksendarar og ryper med halssendarar. Me vil likevel no bruka 22 grams sendarar montert over overgumpen med feste rundt beina. Festereimer veg < 3 gram. Desse sendarane med denne festemetoden har vorte utprøvd av dr. Peter Coates, US Geological Service på salviejerpe (sage grouse) i Great Basin, USA, han tilrår denne metoden då fuglane slepp reimar under vengene. Storfugl er dobbelt so store som salviejerpe, ei ungrøy veg om våren > 1.7, ein vaksen tiur rundt 4,8 kg. Totalvekt 25 gram er < 1,5 % av vekta til ei ungrøy. Sendarane skal senda i 4 år. Få storfuglar lever lenger enn det.

Nytteverdi: Storfugl lever i boreal barskog. Norsk boreal barskog vert forma av ein til kvar tid gjeldande skogbrukspraksis. Skogbrukspraksis kan justerast om ein kjenner korleis habitat påverkar reproduksjon og overleving. Kyllingproduksjonen har vorte dårlegare frå før til etter 1970-talet. Det er vesentleg å få betre kunnskap om vaksenoverleving for bêrekraftig jaktforvaltning. Det kan ogso vera nyttig å samanlikna overlevinga mellom milde og kalde vintrar - for å forutsei kva som vil kunna skje med storfuglen i varmare framtid.

Kor mange storfuglar bør merkast: Ideelt sett burde me skaffa oss informasjon frå minst 100 røyer og 200 tiurar for å fanga opp variasjonen mellom individ og år i overlevnad og habitatbruk. Det er vanskeleg og tidkrevjande å fanga tiur og røy. Me vil vera lukkelege om me klarar merkja 20 fuglar fyrste året. Me søkjer om løyve til å fanga 60 fyrste to åra. Forsøket vil halda fram til me har fått informasjon frå mange nok fuglar. Når forsøket vert avslutta, fangar me gjenlevande fuglar under mytinga og tek av sendarane.

Erstatning, reduksjon og forbetring: For å få svar på spørsmåla, lyt me merkja mange ville fuglar gjennom fleire år. Talet på fuglar vert begrensa av vanskeleg fangst. Fangstmetodane er utvikla over lang tid. Sendarar og festemetodikk er utprøvd på salivejerpe, vanskeleg å sjå forbetringar av noverande teknologi.