Til hovedinnhold

Koronavirus hos hest

Hestar kan få eit koronavirus som gir mage-/tarmsjukdom som til dømes diaré eller milde kolikksymptom. Dette er ikkje det same koronaviruset som gir Covid-19 hos menneske.

Publisert

Hestane blir smitta ved at dei et eller drikk noko som inneheld viruset. Koronavirusinfeksjon blir diagnostisert basert på avføringsprøve frå hesten. Dei aller fleste hestane blir friske med generell støttebehandling heime. 

Koronavirus hos hest er ikkje ein varslingspliktig sjukdom. Sjukdommen er utbreidd blant hestar i Europa, særleg i vintermånadene. 

Sjukdommen smittar normalt ikkje til menneske. Sjukdommen har ingen samanheng med koronavirusutbrotet hos menneske.

Meir om koronavirus hos hest

NMBU: Koronavirus hos hest