Til hovedinnhold

Yersinia

Bakterien Yersinia er ei av dei vanlegaste årsakene til diaré i Noreg. Yersinia finst stort sett hos svin, og kan gjere menneske sjuke. Menneske får i seg bakterien gjennom å ete infisert svinekjøtt, eller fordi bakterien har smitta over til annan mat eller drikke.

Publisert

Yersinia kan forårsake ein sjukdom som heiter yersiniose. Det er ein mage- og tarminfeksjon som varer 1-2 veker. Dei vanlegaste symptoma er diaré, magesmerter, moderat feber og eventuelt kvalme og oppkast. Sjukdommen kan også gi komplikasjonar som leddbetennelse og hudreaksjonar (knuterosen). Det tek frå 3 til 7 dagar frå ein blir smitta til ein blir sjuk.

Bakterien overlever nedfrysning og lever i kjøleskapstemperatur.

Risikovurderingar

Førebels risikovurdering vedrørande Yersinia enterocolitica i kjøttkjeda

Rapportar

Yersinia enterocolitica i spiseferdige næringsmidler og hele spiseferdige vegetabiler 2022

Lenkjer til andre

Yersiniose – rettleiar for helsepersonell (fhi.no)

Utbrot av yersiniose i Norge (fhi.no)

Yersinia enterocolitica (vetinst.no)