Til hovedinnhold

Toksoplasmose

Toksoplasmose er ein sjukdom som blir forårsaka av parasitten Toxoplasma gondii. Denne eincella parasitten kan leve i tarmen hos kattedyr. 

Publisert

Kattedyr som er smitta, skil ut små egg i avføringa. Slik kan smitten spreiast til mellomvertar som sau, hjortedyr, smågnagarar og andre varmblodige dyr, og dessutan menneske. Smitta kattar blir ikkje spesielt sjuke, og dei utviklar raskt immunitet, men mellomverten kan utvikle sjukdommen toksoplasmose. 

Risiko for gravide

Hos gravide kan Toxoplasma føre til abort, misdanningar eller andre alvorlege skadar på barnet. Personar som er smitta tidlegare i livet, blir immune mot parasitten, og immuniteten til mora vernar også fosteret mot infeksjon. I Noreg har mellom 10 - 20 prosent av befolkninga antistoff mot Toxoplasma. Gravide og andre personar i risikogruppa bør følgje dei førebyggjande råda gitt av styresmaktene.

Råd for å unngå smitte

Menneske kan bli smitta gjennom å få i seg mat som er forureina, til dømes for dårleg varmebehandla kjøtt frå mellomvertar for parasitten eller uvaska grønsaker. Vi kan også smittast gjennom direkte kontakt med avføring frå kattar.

I rått kjøtt kan det finnast Toxoplasma. Når kjøtt gjennomkokes eller blir gjennomsteikt, blir parasitten drepen. Den døyr også ved djupfrysing i fleire døgn ved minst -18 °C, men kan truleg overleve i kjøtt som blir grave, blir spekt eller blir kaldrøykt.

Vask eller skrell frukt, bær og grønsaker grundig dersom dei skal etast rå. Toxoplasma kan finnast i jordrestar på frukta, bæra eller grønsakene.

Verksemdene må sikre at maten er trygg

Verksemder som produserer, importerer, sel eller serverer matvarene, har plikt til å sikre at maten er trygg å ete. Dette skal dei gjere ved å sikre at næringsmidla blir verna mot alle former for forureining som kan gjere dei utrygge å ete.

Mattilsynet fører tilsyn med at verksemdene følgjer dei krava som står i næringsmiddelregelverket.

Les meir

Toksoplasmose i svangerskapet (helsenorge.no)

Toksoplasmose – rettleiar for helsepersonell (fhi.no)

Toksoplasmose – om parasitten (vetinst.no)