Til hovedinnhold

Listeria

Listeria er ein bakterie som finst nesten overalt i jord og slam og vegetasjon, i elvar og tjern og i tarmen hos mange dyreartar. Den kan gi ein sjeldan men alvorleg infeksjon hos menneske.

Publisert

Det må svært mange bakteriar til for å gjere friske folk sjuke, så det er gjerne personar i risikogrupper – som til dømes gravide og personar med nedsett immunforsvar – som blir sjuke av Listeria. Gravide og andre personar i risikogruppa, bør følgje dei førebyggjande råda gitt av styresmaktene. Her i Noreg er det 15–50 tilfelle i året.

Korleis unngå smitte frå bakterien?

Det spesielle med Listeria er at han kan formeire seg i kjøleskapstemperatur. Matvarer som har lang haldbarheit og som blir etne utan å bli varma opp kan vere smittekjelder. Slike produkt kan vere rakfisk, grov fisk, røykt fisk, kokt kjøttpålegg og mjuke modningsostar og muggostar. Det hjelper ikkje å fryse matvarene, men rett varmebehandling av maten tek knekken på bakterien.

Kva ansvar har verksemder?

Verksemder som produserer, importerer, omset eller serverer matvarene, har plikt til å sikre at maten er trygg å ete. Dette skal dei gjere ved å sikre at næringsmidla blir verna mot alle former for forureining som kan gjere dei utrygge å ete. Mattilsynet fører tilsyn med at verksemdene følgjer dei krava som står i næringsmiddelregelverket.

Listeria: Kriterium og metodar for å sikre trygg eteklar mat

Retningslinje for tilsyn med Listeria monocytogenes i eteferdige næringsmiddel

Risikovurderinger

Listeria monocytogenes – vurdering av helseråd til gravide og andre utsette grupper (rapport frå Vitskapskomiteen for mat og miljø)

Listeria i sushi – vurdering av helseråd til gravide og utsette grupper (rapport frå Vitskapskomiteen for mat og miljø)

Rapporter

Overvaking og kontroll av Listeria i eteferdig sjømat 2021/2022

Tilsyn med Listeriatiltak i lakseslakteri i 2021 (tilsynsrapport)

Mikrobiologisk kontroll av pasteuriserte og upasteuriserte mjølkeprodukt

EFSA-rapport om Listeria i mat 2013

Lenker til andre

Råd til gravide – Listeria (helsenorge.no) 

Listeria – om bakterien (vetinst.no)

Listeriose – rettleiar for helsepersonell (fhi.no)