Ingen tilfelle i Noreg
Ingen tilfelle av VNN/VER i Noreg
Varsle om listeført sykdom på oppdrettsfisk og andre akvatiske dyr
Mattilsynet skal varsles med en gang ved:
- grunn til mistanke om listeført sykdom
- påvising av listeført sykdom
- økt dødelighet på akvatiske dyr
Ring straks 22 40 00 00.
Send deretter skriftlig varsel på e-post (finn riktig adresse i denne listen), eller sekundært bruk Mattilsynets skjematjeneste.
Om sykdommen
Infeksjon med nodavirus fører til VNN/VER (Viral encephalopati og retinopati) hjå ei rekke marine fiskearter og kan ramme både villfisk og oppdrettsfisk. Sjukdommen er funnen på kveite, piggvar og torsk i Noreg.
VNN og VER er liste 3 sjukdommar, og førekomst av eller mistanke om VNN/VER skal straks rapporterast til Mattilsynet.
Symptom
Kan vise seg i spiralsymjing, rulling og symjing med buken opp, manglande appetitt og endring av pigmentering. Flatfisk kan bli liggjande på botnen med heva hovud og hale pga. krampe. Ved obduksjon finn ein få endringar bortsett frå forstørra symjeblære.
Korleis smittar sjukdommen?
Sjuk fisk er den viktigaste smittekjelda, men virus er svært motstandsdyktig og kan overleva lenge i vatn. Dei ulike variantane kan likevel vera årsak til sjukdom hos meir enn ein art, slik at ulike fiskeartar kan smitta kvarandre.