Til hovedinnhold

Dette gjer Mattilsynet når nokon bryt dyrevelferdslova

Viss nokon bryt reglane for hald av dyr, skal Mattilsynet reagere for å sikre at dei følger reglane i framtida. Her får du en oversikt over verkemiddel Mattilsynet bruker.

Publisert

Noko av det viktigaste Mattilsynet gjer, er å rettleie om kva for reglar som gjeld, kva reglane tyder, og kvifor det er viktig å følge dei. Viss dyrehaldarar likevel bryt reglane, har Mattilsynet fleire verkemiddel vi kan bruke.

Vi trappar opp verkemidla når det er naudsynt

Dei fleste som har ansvar for dyr, retter opp feilen når Mattilsynet har påpekt ei plikt eller gitt pålegg om utbetring (sjå under).

Viss dyrehaldaren fortsett å bryte regelverket, bruker Mattilsynet det vi kallar opptrappande verkemiddelbruk. Det betyr at vi gjer nye vedtak med strengare verkemiddel.

Verkemiddel Mattilsynet kan bruke

Skriftleg rettleiing

Vi kan forteje dyrehaldaren kva som står i regelverket, og at den som driv med dyr, har plikt til å følgje reglane.

Dette er det mildaste verkemiddelet vårt. Vi kan bruke det viss bruddet er lite alvorleg, og viss det er første gongen dyrehaldaren bryt regelen.

Vedtak eller varsel om vedtak

Vi kan krevje at dyrehaldare endrar noko ved dyrehaldet sitt, og gjere eit vedtak om kva dyrehaldaren skal gjere (vedta eit pålegg). Eksempel på pålegg kan vere å sikre stor nok plass til kalvar som står i for små binger, eller å sikre at storfe får komme ut på beite om sommaren.

Før vi gjer vedtak, varslar vi vanlegvis dyrehaldaren om kva vi har tenkt å bestemme. Dyrehaldaren får ein frist til å svare. Viss hen rettar opp feilen innan fristen, kan vi ofte avslutte saka utan å vedta eit pålegg.

Dyrehaldaren kan klage på vedtak om pålegg.

Vedtak utan varsel (hastevedtak)

Mattilsynet kan krevje at dyrehaldaren må rette feil med ein gong, og gi eit pålegg på stedet. Dette kallar vi ofte for hastevedtak.

Vi kan òg varsle munnleg på staden at vi vil kome med eit pålegg. Då set vi fristen for  svare på varselet til seinare same dag eller dagen etter.

Desse reaksjonsformene reknar ein òg som vedtak, som ein kan klage på viss ein er ueinig.

Tvangsmulkt

Dyrehaldaren må betale ei mulkt (ei bot) for kvar dag som går utan at hen retter feila.

Lovbrotsgebyr

Viss dyrehaldaren har brote reglane uaktsamt eller med vilje, kan vi bestemme at hen må betale eit lovbrotsgebyr (ei bot).

Kor stort gebyr blir, heng saman med kor alvorleg saka er, om dyrehaldaren har tent pengar på å bryte regelverket, og kor mange pengar det har kosta Mattilsynet å følge opp saka.

Forbod mot aktivitetar

Mattilsynet kan forby nokon å eie, passe på, avle på eller trene dyr. Forbodet kan gjelde i ei viss tid eller for all framtid.

Avvikling av dyrehald

Mattilsynet kan bestemme at heile eller delar av dyrehaldet må avviklast. Eigaren kan få avvikle sjølv viss det er forsvarleg. Viss ikkje, avviklar Mattilsynet det. I nokre tilfelle må vi avlive dyr som lir der og då.

Mellombels forvaring

Mattilsynet kan hente ut dyra, for eksempel viss vi meiner at dyra må ut av dyreholdet med ein gong. Vi plasserer dyra ein stad der dei får de stellet dei treng, fram til vi finn ei varig løysing.

Nokre gongar må vi avlive dyra, for eksempel viss vi meiner det er uforsvarleg å levere dei tilbake, og vi ikkje finn ein ny eigar.

Politimelding

Dei aller mest alvorlege dyrevelferdssakene melder Mattilsynet til politiet.

Regelverk

Dyrevelferdsloven