Til hovedinnhold

Paratuberkulose

Sjukdommen rammar særleg drøvtyggarar og kameldyr, men andre artar kan òg bli smitta. Viss du har mistanke om sjukdommen, eller han er påvist, skal du melde frå til Mattilsynet umiddelbart. 

Status

Paratuberkulose blir sjeldan påvist hos norske husdyr.

Meld fra om smittsom dyresykdom

Ring Mattilsynet på telefon 22 40 00 00 ved mistanke om, eller påvisning av, alvorlig smittsom dyresykdom.

Hvis du har kontaktet praktiserende veterinær, vil veterinæren melde fra til Mattilsynet. I så fall trenger du ikke kontakte oss selv.

Paratuberkulose

Sjukdommen er ein kronisk bakteriell tarminfeksjon. Drøvtyggarar (inkludert hjortedyr) og kameldyr (inkludert lama og alpakka) er spesielt utsette, men også kanin og andre dyreartar kan smittast. Det finst inga behandling mot sjukdommen.

Paratuberkulose er ein sjukdom på nasjonal liste 2. Viss du har mistanke om sjukdommen, eller han er påvist, skal du melde frå til Mattilsynet umiddelbart.

Symptom

Symptomane er forskjellige frå dyreart til dyreart. Dei kan være nedsett mjølkeproduksjon, kronisk diaré som ikkje let seg behandle, og avmagring – etter kvart så kraftig at dyret til slutt døyr.

Korleis smittar sjukdommen?

Paratuberkulose smittar hovudsakleg oralt (ureina fôr, ureina vatn, mjølk), men kan også smitte frå mor til avkom før fødsel. Dyr under ein månad er særleg utsette, men også vaksne dyr kan smittast og utvikle sjukdom.

Sjukdommen smittar mellom dyreartane, og har lang inkubasjonstid. Infiserte beite er smittefarlege ett til to år (spesielt i område med mykje trakk). Bakterien kan overleva i gjødsel i meir enn ett år.

Kan sjukdommen smitte til menneskjer?

Bakterien si rolle i forhold til Crohns sjukdom hos menneske er omdiskutert.